Ferska butikktjuv på senteret
Mann i 40-åra skal ha stelt frå ein matbutikk på AMFI Os.
— Klokka 17.30 tysdag melde ein vektar på AMFI Os at dei hadde tatt ein butikktjuv som hadde stelt frå ein matbutikk. Vedkomande nekta i tillegg å oppgje personalia. Ein politipatrulje blei send til staden. Mannen i 40-åra blir meldt for forholdet og han blei vist bort frå staden, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland, i ein e-post.