Fleire ungdomar observert etter melding om innbrot
Gjerningspersonane skal ha tatt seg inn ved å bryta opp vindauge.
Ca kl 22:25 måndag fekk politiet melding om innbrot i ein kommunal bustad på Askvikneset.
– To bilar og fleire ungdomar vart observerte på staden, opplyser vakthavande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjerningspersonane skal ha tatt seg inn i huset ved å bryta opp eit vindauge.
– Politipatruljen var på staden for åstadsundersøkingar og forholdet blir meldt. Politiet ønskjer å koma i kontakt med dei som var på staden eller andre som har observert noko, seier vakthavande.