Hummarbestanden ned 92 prosent på 90 år
Ny studie syner at hummarbestanden gjekk ned 92 prosent mellom 1928 og 2019.
Tidlegare har forskarar estimert korleis hummarbestanden utviklar seg ved at eit utval hummarfiskarar rapporterer inn fangstane sine til Havforskingsinstituttet.
Forskarar har rekna ut eit årleg gjennomsnitt ut frå kor mange humrar ei teine fiskar i eit døgn. Denne overvakinga går heilt tilbake til 1928.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men i dette reknestykket har ein ikkje tatt omsyn til at ei teine i 1928 ikkje fiska hummar så effektivt som ei teine gjorde på 2000-talet. Det har vore ei rivande teknologisk utvikling, seier Havforskingsintitutt-forskar Alf Ring Kleiven.
No syner altså ein ny studie at hummarbestanden skal ha gått ned med 92 prosent mellom 1928 og 2019.