Fastsett: Kunnskapsminister Tonje Brenna har no fastsett endringsforskrifta som avlyser dei fleste av ordinære eleveksamenar i grunnskulen og i vidaregåande skule i vår.

Dei aller fleste eksamenane er avlyste – endring fastsett

Regjeringa har no fastsett endringsforskrifta som gjer at dei fleste eksamenar i ungdomsskule og vidaregåande skule blir avlyste.

Regjeringa kunngjorde 11. februar at ho ville avlysa eksamenane i vår for 10. trinn og elevar på vidaregåande skule.

Forslaget vart sendt på høyring 14. februar – og eit fleirtal av høyringsinstansane støtta avlysinga, opplyser regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fastsett endringsforskrifta som avlyser dei fleste av dei ordinære eleveksamenane i vår.

– Som i fjor skal det framleis haldast privatisteksamenar og enkelte eksamenar der elevane har særleg behov for å få avlagt eksamen. Fag- og sveineprøver skal òg gjennomførast, skriv regjeringa.