Ingen «quick fix» å leiga ut Fjellheim?
Heldigvis var det ein meir optimistisk William Lindborg som leia det opne møtet i kommunestyresalen onsdag kveld.
«Å leiga ut Fjellheim er ikkje akkurat noko «quick fix»», skriv Camilla Kvamme i nettutgåva av Os & Fusaposten tysdag. Journalisten refererer til politikarane i ad hoc-utvalet som uttalte seg med litt skepsis til prosjektet allereie før det første møtet med interessentar onsdag kveld. Litt overraskande at medlemene i ad hoc-utvalet snakka ned Fjellheim-prosjektet som dei sjølve tok initiativet til, og som dei fekk vedteke med knappast mogeleg fleirtal i kommunestyret. Det ville sjå rart ut om ad hoc-utvalet sjølv stoppa desse planane lenge før vi kjem på oppløpssida.
Mykje av skepsisen som ad hoc-utvalet uttaler seg om, skriv seg bl.a. frå uttale frå kommunen sine folk på bygg og drift, og ikkje minst rapportane som administrasjonen har lagt ut på ad hoc-utvalet si side på kommunen sine nettsider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spor av optimisme i kommunestyresalen i går
Heldigvis var det ein meir optimistisk William Lindborg som leia det opne møtet i kommunestyresalen onsdag kveld. Leiar for bygg og drift, Dag Søfteland, fortalde at kommunen hadde ein høg standard på kommunen sine bygg, og at Fjellheim ikkje utan vidare kunne leigast ut i den tilstanden bygget er i no. Vi hadde tidlegare forstått det slik at leigetakar skulle sørgja for oppgradering av Fjellheim til godkjent standard før det vart tatt i bruk.
Det vart alt i alt eit oppløftande møte med mange gode spørsmål, men kanskje ikkje så mange svar foreløpig, Vi i Foreningen Bevar Fjellheim var sjølvsagt til stades, og fekk sagt litt om korleis bygget til dømes kan driftast gjennom ei stifting. Styret i stiftinga kan til dømes vera representantar frå dei største brukargruppene som er aktuelle i Fjellheim, men ikkje nødvendigvis.
Fleire frå ei serbisk gruppe frå Bergen var også representert på møtet. Gruppa var interessert i å leiga Fjellheim til ulike arrangement innimellom sidan køyretida for dei til Os snart vart berre 10-12 minutt.
Tilsyn med det elektriske
Det vart bl.a. nemd at Eviny (tidl.BKK) hadde hatt tilsyn i Fjellheim, og hadde gjennomgått alt av det elektriske. Dag Søfteland har tidlegare uttalt at det var feil over ein låg sko, og det er for så vidt riktig. Eg har sjølv gått gjennom rapporten saman med han som var på tilsyn, og mange av punkta er av bagatellmessig art, som til dømes leidningar som står att i stikkontaktar etter at folk har fått forsynt seg med utstyr i bygget. Ellers var det mange stikkontaktar som ikkje hadde jording osb..
Oppgradering av sikringsskapa (frå 1991) med ny innmat og nye sikringar med innebygde jordfeilvern. var eitt av dei meir kostbare tiltaka. Ei oppgraderinga av alt av det elektriske til dagens standard vil truleg koma på anslagsvis kr.150-200.000.
Den bygningsmessige og tekniske tilstanden
Etter at Os kommune kjøpte Fjellheim av Os Musikk- og Turnforening 1.1.1989, vart det gjennomført ei omfattande rehabilitering innomhus i 1990-91. I tillegg vart det i 1992 gjort eit stort arbeid med avløp og kummer frå Fjellheim og ned til hovudvegen ved Best-stasjonen.
Nokre få år tidlegare, 1985-87 vart alle vindauge skifta ut, og det gamle teglsteintaket vart skifta ut med meir moderne takpanner i metall. Takpannene (måling flassar av) og veggen opp mot Mobergshaugane treng ei snarleg oppgradering, og det bør gjennomførast løpet av denne våren. Kommunen bør setja av ein liten sum av det overraskande overskotet på kommunerekneskapen til dette formålet, og aller helst noko til oppgradering innomhus også.
Tore Moberg
Artikkelen held fram under annonsen.
Foreningen Bevar Fjellheim