18-åring mista lappen, så skal han ha kome med trugslar mot politiet
I tillegg til sak på beslag av førarkort, må tenåringen no svara for trugslar mot offentleg tenesteperson.
Under ein kontroll av køyretøy på Halhjemsvegen torsdag føremiddag, kontrollerte politiet ein gut fødd i 2002 for fart.
Han bles til null i promille, men det vart teke beslag i førarkortet.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Då guten vart gjort kjend med at førarkortet vart beslaglagt, kom han med trugslar mot patruljen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Det er oppretta sak på beslag av førarkort, samt trugslar mot offentleg tenesteperson.
Etter besøk hos legevakta vart guten køyrd heim.