Gull-laget: Peder Kongshaug, Hallgeir Engebråten og kaptein Sverre Lunde Pedersen etter det historiske gullet.

Sverre vart hylla av både lagkameratar og i studio

– Eitt av dei største comebacka me har sett i norsk idrettshistorie.

Slik oppsummerte programleiaren i Discovery løpet til det norske laget etter OL-gullet i lagtempo tysdag.

Peder Kongshaug, ungguten som var med på gull-laget, løfta spesielt fram Sverre i sigersintervjuet etter løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ganske ufatteleg det han har vore gjennom. For eit halvt år sidan såg eg han liggja i grøfta (etter sykkelkrasjen, journ.mrk.). I dag er han her og dyttar oss unggutane fram, skrytte Kongshaug.

– Eg trur aldri eg har vorte dytta så mykje som eg vart i dag. Det var heilt uverkeleg når me kryssa mållinja, la han til.

Les også
– Å ta gull i to OL på rad er stort. Utruleg deilig
Les også
OL-gull til kong Sverre: — Heilt sjukt etter det han har gått gjennom!

Den andre ungguten, Hallgeir Engebråten, fortalde at dei tre hadde bestemt seg for å gå «all in» i dagens finale.

– Me gjekk to sterke rundar frå start. Eg var litt skeptisk mot slutten då beina byrja å bli proppa, men me klarte å halda saman som lag. Det er kjempestort, smilte Engebråten.

Sverre sjølv sleit med å setja ord på kjenslene etter gull-løpet.

– Det er mange kjensler no. Eg er tom for ord eigentleg, og det har ikkje heilt gått opp for meg. Før finalen visste me at alt kunne skje. Me var klare og motiverte og skulle klina til frå start, så fekk det bera eller brista. Det er fantastisk å vinna med desse gutane, sa Sverre til Discoverys reporter i skøytehallen.

På spørsmål om framtida til norsk skøytesport, rakk Sverre å seia at han i alle fall ikkje hadde tenkt å gje seg med det fyrste.

– Fire år til?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vanskeleg å svara på, men eg er seig.