70 prosent opp: Koronatala heldt fram med å stige i veke 6.

Smittetalet auka med 70 prosent: Luranetunet har opna korona-avdelinga «Havblikk»

1.531 nye personar fekk påvist covid-19 sist veke.

Smittetala er sterkt stigande og auka med ca. 70 prosent sist veke.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis smitte på Luranetunet, og i nesten alle skular og barnehagar.

I veke 6 vart det registrert 787 positive PCR-svar og 744 innmelde positive sjølvtestar i veke 6. Totalt vart det registrert 1.531 positive testar, mot 960 i veke 5.

Dei smitta er:

Born 0-11 år: 23 prosent

Born og unge 12-17 år: 19 prosent

18-44 år: 41 prosent

45-64 år: 14 prosent

Over 65 år: 2 prosent

Smitte på Luranetunet

Det er registrert enkelttilfelle av smitte blant både tilsette og bebuarar på fleire avdelingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fordi det er vanskeleg å isolera smitta pasientar med uro og vandring, opna kommunen sist veke koronaavdelinga «Havblikk".

Her kan pasientane vandra litt meir fritt. Pleie- og omsorgstenestene har mobilisert arbeidskraft frå dei andre helse- og velferdseiningane for å få på plass ein turnus med nok bemanning og kompetanse.

— Det har vore fantastisk å sjå kor velvillige tilsette og leiarar i alle desse einingane har vore for å få stabla korona-avdelinga på beina, trass i at alle slit med høgt sjukefråvær i eigne einingar, seier leiar for pleie og omsorg, Gro Elisabeth Almås.

Sjukefråvær

Kommunen har høg og aukande smittespreiing, auka sjukefråvær, stor belastning på fastlegar og legevakt (ikkje berre koronarelatert), utbrot i institusjon (sjukeheim) og utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.

Det er ikkje auke i alvorlege sjukdomsforløp og innleggingar.

Presset på tenestene er framleis stort. Sjukefråværet er høgt i helse og velferd, skule og barnehage.

Kapasiteten på test og smittesporing er utfordrande på grunn av stort sjukefråvær og stor pågang. Det vart teke 1005 PCR-testar i veke 6.

Vaksinering

I veke 7 vil Bjørnafjorden kommune passera 50.000 sette koronavaksinedosar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over 50 prosent av alle innbyggjarane har fått 3. dose.

I aldersgruppa 18-44 år har over 75 prosent fått tilbod om 3. dose.

Dei resterande i denne gruppa når tidsintervallet på 20 veker no i februar.

Kommunen har massevaksinering éin dag i veka. I tillegg har dei ein avtale med apotek om vaksinering, for å gjera det lettare for folk å få tatt vaksinen.

Born 5-11 år får tilbod om koronavaksine torsdag 17. februar.