I drift: - Det var spor på staden som viste at bilen nyleg hadde vore i drift.

Fekk bruksforbod etter å ha køyrd med sommardekk

Politiet kom over køyretøy som ikkje var skodd for vinteren fredag.

Rundt klokken 16:00 fredag ettermiddag mottok politiet melding frå ein bilist som låg bak eit kjøretøy i Os som skal ha køyrd med sommardekk.

– Politiet kom over kjøretøyet kort tid etter. Det var spor på staden som viste at bilen nyleg hadde vore i drift. Bilen hadde sommardekk og fikk bruksforbod, fortel vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt klokken 18:40 fredags kveld mottok politiet melding om eit mindre trafikkuhell med to bilar involverte på Lyseklostervegen.

– Det var materielle skadar på dei involverte kjøretøya, men ingen personskadar. Samanstøyten skal ha skjedd i låg fart. Det var svært glatt på staden og dårlege køyreforhold, opplyser vakthavande.

Ingen av bilane var køyrbare og vegen blei stengt i ein periode fram til dei ble henta av bergingsbil.

Partane fylte ut skademelding på staden.