Feitt førelegg etter brot på vikeplikt i Lepsøykrysset
Ein mann i 20-åra må ut med 7.250 kroner etter hendinga torsdag kveld.
Klokka 22.15 torsdag kveld, under ein kontroll av køyretøy, stansa politiet ein bilist i Lepsøykrysset.
Mannen skal ikkje ha halde vikeplikta i samband med stoppskilt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dermed fekk føraren ei bot på 7.250 kroner pluss tre prikkar på førarkortet.
Mannen i 20-åra vedtok førelegget på staden.