Tek Fusa ungdomsskule i forsvar: — Det er min skule det er snakk om, mine medelevar og vårt rykte
Rune Hesjedal i 10 C skriv om si oppleving av å vera elev på Fusa ungdomsskule.
Eg las ein artikkel i Os & Fusaposten om ungdomsskulen i Eikelandsosen.
Eg vart opprørt over det eg las, og følte eg måtte skriva om korleis eg opplever å vera elev her. Eg er elev på tiande trinn og opplever Fusa ungdomsskule som ein god plass å vera.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ungdomsskuletida mi har vore spesiell med tanke på pandemien.
Men eg har alltid tenkt at eg har trygge, flinke, gode og profesjonelle lærarar rundt meg, som tar tak i det som er nødvendig, anten det er godt eller vondt.
På ein skule er det alltid forskjellige elevar. Alle har ulike oppfatningar om korleis dei opplever skuledagen. At det er ulik ro på dei ulike trinna, og til med klassane, ser sjølv eg.
At ungdomar som er i «ombyggingsfasen» — nokre meir enn andre — gjer, seier og oppfører seg på ulike måtar, er vel likt på alle skular. Eg trur ikkje det er verre på Fusa ungdomsskule enn andre plassar.
Rykte om narkotika
Det som eg likevel reagerer mest på, er det eg oppfattar som eit rykte om stoffbruk. Kvar kjem denne informasjonen ifrå? Og kvifor er dette noko vi elevar ikkje har plukka opp? Når var politikarar på besøk på skulen og såg kvardagen vår? Når var du og kommuneleiinga på besøk hos oss og snakka med oss i gangane?
Eg sit ikkje i elevrådet, eg er ikkje lærar og eg er ikkje rektor. Men det er min skule det er snakk om, mine medelevar og vårt rykte.
Om det er sanning i dette ryktet, vil vi ta tak i det, både lærarar og elevar.
Eg vel å senda denne mailen med ein uformell invitasjon til vår skule, kom og snakk med oss i gangane. Kom og høyr korleis vi oppfattar skulen og kva som eigentleg rører seg på Fusa ungdomsskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rune Hesjedal
10C ved Fusa ungdomsskule