Ta vare på Bjørnafjordens skjulte meistrar!
Desse meistrane får langt frå same behandling som idrettsutøvarane våre.
Dei olympiske vinterleikane er i full gang, og det vil ikkje ta lang tid før vi hyller heimvendande vinterheltar med blomster og vakre ord. Nasjonale og lokale politikarar viser seg fram med stolte selfies og pressebilete saman med meistrane «våre», som utan tvil har levert prestasjonar i verdsklasse. Men dessverre får ikkje alle meistrane våre slik behandling.
Desse meistrane finst over heile Noreg ‒ i Bjørnafjorden òg. Meistrane er små og mellomstore bedrifter med ei sterk internasjonal stilling i dei nisjemarknadene dei opererer i. Likevel er dei usynlege for dei fleste av oss, og derfor kallar vi dei skjulte meistrar ‒ Hidden Champions. Dei er oftast familieeigde, og i Noreg er dei oftast å finna i distrikta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse familieeigde bedriftene er stabile i gode og dårlege tider og har mål og verdiar som skil seg frå bedrifter med meir perifert eller utanlandsk eigarskap. Dei er viktige støttespelarar for lokalsamfunn og er førande i innovativ utvikling, medrekna innovasjonsinvesteringar innanfor berekraft. Gjennom denne rolla blir desse bedriftene òg med rette kalla hjørnesteinsbedrifter.
Desse meistrane får likevel langt frå same behandling som idrettsutøvarane våre. I staden for å heidra dei med blomster takkar vi somme av dei med ein skattesmell gjennom samtidig endring av formuesskatt, reduksjon av aksjerabatt og harmonisering av skattereglar for oppdrettskonsesjonar. Som ein konsekvens vurderer bedriftseigarar å selja ut bedrifter til perifert eller utanlandsk eigarskap, og norske investorar og bedrifter flyttar ut av landet. I begge tilfella forsvinn den lokale forankringa.
Nokre bedriftseigarar har gripe til pennen og uttrykt uro, andre har allereie valt å flytta til andre strøk, både innan- og utanlands. Det er vanskeleg å sjå korleis samfunnet kan vera tent med dette, og det er vanskeleg å forstå korfor ei regjering som vil profilera seg med ein sterk distriktsidentitet, ikkje tek affære. I det heile er dette dårleg næringspolitikk, dårleg distriktspolitikk og dårleg berekraftspolitikk.
Vi er nøydde til å ta vare på dei skjulte meistrane våre. Vi er nøydde til å ha ei sterk kommunal og lokalpolitisk oppbakking av og støtte til desse bedriftene for å sikra lokale arbeidsplassar, for å sikra lokal verdiskaping og for å sikra eit sterkt lokalsamfunn, på begge sidene av Fusafjorden!
Bram Timmermans
Bjørnafjorden Venstre