Brann: Vel kl 03.30 natt til onsdag vart det meldt om brann i ein lager-/verkstadbygning.

Brann i lagerbygning: - Me fekk fjerna gassflaskene kjapt

Det fortel vakthavande ved brannvesenet onsdag morgon.

Vel kl 03.30 natt til onsdag vart det meldt om brann i ein lager-/verkstadbygning i Særvollsvegen.

Dei fyrste meldinga gjekk på at det stod opne flammer opp av taket på bygningen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me kom fram til staden, viste denne meldinga seg å stemma. Brannen hadde stort potensiale, og det var fleire tilstøytande bygg, men me klarte å slå ned brannen kjapt og hindra spreiing, fortel vakthavande.

Han legg til at oppdraget var ekstra krevjande då det var fleire gassflasker med acetylen og oksygen som vert nytta til sveising i verkstaden.

– Når desse flaskene når ein viss temperatur, er det fare for at dei eksploderer. Men vi klarte å få «evakuert» flaskene raskt, og kjølt dei ned, slik at dei ikkje lenger utgjorde noko fare.

Det vart oppretta ein tryggleikssone kring verkstaden. Det var ingen hus som trong å evakuerast i denne sonen.

Ingen personar er meldt skadde etter brannen.