Straum-støtte til private barnehagar i Bjørnafjorden?
Har Bjørnafjorden tenkt over tiltak for å avhjelpa dei enkeltståande, private barnehagane gjennom straumkrisa?
21. januar kunne vi lesa om Unneland barnehage som fekk ei rekordhøg straumrekning i desember. Private barnehagar har ikkje moglegheit til å auka inntekta for å dekka desse ekstra utgiftene, men må freista å dekka dei inn via driftsbudsjettet – som eigentleg skal nyttast til å kunna gje borna eit godt pedagogisk tilbod.
Høge straumrekningar kjem i tillegg til ein stor innsats for å halda barnehagane opne gjennom korona-krisa, der høgt sjukefråvær også gjev ein større kostnad enn normalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Bjørnafjorden er det totalt 15 private barnehagar. Av desse er seks enkeltståande, og såkalla ideelle barnehagar. Straumrekninga for desember var 1,5 gonger så høg som i et normalt år. Så vidt eg veit er ingen av desse barnehagane rusta til å takla denne store auken i utgift til eit heilt nødvendig driftsmiddel som straum er. Dei har heller ikkje ein større organisasjon å støtta seg på.
Av tiltak som er lagt på bordet for å støtta bedrifter og privatpersonar for å koma seg gjennom straumkrisa, er det ingen som omfattar private barnehagar.
Dette får vi opplyst at er lagt over til kommunane å finna løysing på. Difor er mitt spørsmål til Bjørnafjorden kommune ved ordførar Trine Lindborg: Har Bjørnafjorden tenkt over tiltak for å avhjelpa dei enkeltståande, private barnehagane gjennom straumkrisa?
Kjersti Ellingsen
Bjørnafjorden Høgre