Glatte vegar: Gradane vil gå frå minus til pluss til minus igjen og så til pluss utover veka.

– Kan bli utfordrande vegforhold utover i veka

— Temperaturen vil gå opp og ned dei neste dagane. Resultatet kan bli veldig glatte vegar.

Statsmeteorolog Elin Tunvoll fortel at dei har sendt ut farevarsel om mogeleg isete vegar på Vestlandet dei neste dagane.

— No fekk me ein del snø i dag og alt frå i morgon av blir det plussgradar igjen. Resultatet er at vegar som ikkje er salta moglegvis vil bli islagde. Vidare framover i veka vil gradane gå frå minus til pluss, til minus igjen, fortel Tunvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje vind på kysten

Sjølv om det ikkje vil blåsa så mykje som det gjorde i helga, vil vinden bli høgst merkbar i enkelte område også denne veka.

— Det vil bli opp mot stiv kuling på kysten og i høgfjellet. Vinden vil koma frå nord-vest, fortel meteorologen.