Tredje gong?: Både i 2020 og i fjor vart alle skriftlege og munnlege eksamenar på desse trinna avlyste på grunn av koronapandemien.

Utdanningsdirektoratet tilrår å avlysa eksamen for både grunnskulen og vidaregåande

Utdanningsdirektoratet tilrår å avlyse både skriftleg og munnleg eksamen i grunnskule og vidaregåande skule denne våren.

Det går fram av ein risikoanalyse som direktoratet la fram måndag.

Unntaket er for privatistar og kandidatar som må ta eksamen for å bestå faget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga i Noreg. Sjølv om det er mange argument for å avlysa eksamen, er det òg argument for å gjennomføra. Dette har difor vore ei krevjande vurdering å gjera, seier direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Både i 2020 og i fjor vart alle skriftlege og munnlege eksamenar på desse trinna avlyste på grunn av koronapandemien. No tilrår altså Utdanningsdirektoratet altså at det skal skje for tredje gong.

Det er Kunnskapsdepartementet som skal ta den endelege avgjerda.