FHI: Vaksne bør ta sjølvtest i både hals og nase
Sjølvtestar som blir tekne både i hals og nase, kan fanga opp fleire omikrontilfelle, opplyser Folkehelseinstituttet.
– Ei prøve frå nasen vil framleis fanga opp dei fleste smitta, men prøvetaking frå svelg (hals) og nase vil sannsynlegvis fanga opp nokre fleire tilfelle av omikronvarianten, heiter det i ei pressemelding frå Folkehelseinstituttet (FHI) måndag formiddag.
– Spesielt vaksne personar med symptom kan derfor ta prøve både frå svelg og nase når dei gjer sjølvtestar, seier lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet.
Artikkelen held fram under annonsen.
FHI opplyser at ein først skal ta prøve frå halsen, og deretter frå nasen, slik at smitte mest sannsynleg blir fanga opp.
– Du bør ikkje ta prøva berre frå halsen, seier Øverbø.
For barn er det framleis tilrådd å ta testen frå nasen.
Det beste er å gjennomføra testen frå halsen om morgonen før inntak av mat og drikke, eventuelt minst 30 minutt etter inntak av mat og drikke, for å unngå at testen blir falskt positiv. Det er påvist at nokre mat- og drikkevarer kan påverke testresultatet.
Dersom du får eit negativt resultat ved sjølvtesten og har nye symptom, er det tilrådd å ta ein ny test to til tre dagar seinare.