Til deg!

Til deg som har røysterett ved kommunevalet, bruk den, skriv Lin Cathrin Brunborg Anthun.

Til deg som har barn på ein skule i Fusa. Tenk over kva nærskulen betyr for ditt barn.

Til deg som ikkje har barn på ein skule i Fusa. Tenk over korleis bygda di ville bli utan skuleborn langs vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til deg som ikkje bryr deg så mykje om skulestruktur. Tenk over korleis bygda di vil bli viss ikkje unge familiar vil bu der.

Til deg som er opptatt av natur og miljø. Tenk over kor mykje meir CO2 som vil bli sleppt ut langs vegane i Fusa dersom fleire skuleborn skal bussast over lengre avstandar.

Til deg som er opptatt av folkehelse. Tenk over om det bør vera eit mål å få færre, eller fleire born til å gå eller sykla til skulen.

Til deg som trur Fusa vil få ein mykje betre økonomi ved å leggja ned skular. Sjå NRK-Hordaland sin reportasje frå 31.08.15, «Kortsiktig å legge ned skoler» , der m.a. professor i samfunnsøkonomi Stein Østre viser korleis kommunar og konsulentar ikkje tar med det fulle biletet når dei vurderer skulenedlegging. Eller sjå reportasjen i Samningen frå 27.08.15, «Symjing på land». Der får me sjå bilete av elevar som tørrtrenar på symjetak fordi kommunen ikkje har råd til å fylla vatn i bassenget før midt i oktober. Ein kommune som i si tid la ned skular i trua på betre økonomi.

Til deg som trur at Fusa leverer dårleg kvalitet på tenestene sine. Sjå kommunebarometeret for 2015, Fusa er best i Hordaland.

Til deg som trur at kvaliteten blir betre eller trivselen høgare på større skular. Sjå Asplan Viak sin rapport for utdanningsdirektoratet, «Sammenheng mellom skolestørrelse og kvalitet». Der stiller ein spørsmålet om kva som er best, store eller små skular? Konklusjonen er klar, det er ikkje størrelsen det kjem an på.

Til deg som trur dei som hevdar at elevar i Fusa ikkje får det dei har krav på. Sjå intervjuet i «Os & Fusaposten» 02.09.15, «Elevane får det dei har krav på». Der slår einingsleiaren for undervisning fast at elevane får det dei har krav på.

Til deg som arbeider i skulen i Fusa. Tenk over kva som kan skje med di stilling om skular blir lagt ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til deg som trur at skulen i di bygd ikkje står i fare for å bli lagt ned. Tenk over kva som kan skje når det politiske spelet byrjar etter valet.

Til deg som vil ha ein garanti for levande bygder i heile Fusa. Gje di røyst til Høgre.

Til deg som trur at skulen i di bygd ikkje står i fare for å bli lagt ned. Tenk over kva som kan skje når det politiske spelet byrjar etter valet.

Lin Cathrin Brunborg Anthun

8. kandidat

Fusa Høgre