Avviser ingen på teststasjonane no
– Så langt det er mogleg, lèt me framleis alle som vil, få høve til å testa seg på teststasjonane.
Dersom du har fått tre vaksinedosar eller har to vaksinedosar og har gjennomgått covid-19 for mindre enn tre månader sidan, treng du ikkje å stadfesta ein positiv hurtigtest ved å ta PCR-test på ein av teststasjonane i kommunen.
I alle andre tilfelle må ein positiv hurtigtest stadfestast med PCR-test, og det er framleis pågang ved teststasjonane i Kolskogen og i Eikelandsfjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale, er klar på at dei nett no ikkje avviser folk.
– Så langt me har kapasitet, seier me ikkje nei til nokon som vil testa seg hos oss. Men me ser helst at dei som kjem, gjer det fordi det er naudsynt i høve til gjeldande reglar for testing, slår Dale fast.
Stadig stigande
Tala for smitte i Bjørnafjorden kommune er stadig stigande og tendensen er venta å halda fram. Tysdag vart det meldt om 58 smitta. Onsdag var talet stige til 75.
– Me veit at mange vil bli smitta framover og dette er det teke høgde for. Så lenge helsevesenet er førebudd og har kapasitet og folk ikkje lengre blir like sjuke av omikronvarianten, er signalet frå styresmaktene at dette skal gå greitt. På mange måtar kan ein seia at situasjonen var verre kring juletider då store delar av helsevesenet sjølv var i karantene, seier Dale.