Sivilforsvaret testar signalet «Viktig melding – søk informasjon»
Onsdag testar Sivilforsvaret tyfonane i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.
Sivilforsvaret testar onsdag 12. januar klokka 12 tyfonane sine, også kalla flyalarmen, med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Signalet betyr at ein skal søkja informasjon på til dømes radio, TV, i aviser, på nettsidene til styresmaktene og i sosiale medium. Det er rutine at varslingsanlegga blir testa i januar og juni kvart år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff, medan dei i krig kan brukast ved fare for angrep, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Rundt om i landet er det omtrent 1.250 tyfonar som skal varsla befolkninga ved akutt fare.