Opprop: Bjørnafjorden Næringsråd er ein aktiv medlem i Næringsalliansen, som i dag har sendt ut eit opprop mot skjenkestopp og for kompensasjon for høge strømprisar. På biletet - leiar i Bjørnafjorden Næringsråd, Synnøve Reksten Mowinckel.

Næringsalliansen Vestland: - Situasjonen er katastrofal innan publikumsretta næringar

Næringsalliansen i Vestland, der Bjørnafjorden næringsråd er aktiv medlem, har sendt ut opprop.

I oppropet krev næringsalliansen at skjenkestoppen vert avslutta no.

– Situasjonen er katastrofal innan publikumsretta næringar som servering, kultur og reiseliv. Skjenkestoppen må avsluttast snarast . Næringslivet må òg kompenserast for straumrekningar som har auka med meir enn 50 prosent, heiter det i oppropet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Næringsalliansen representerer meir enn 3.000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar i Vestland fylke.

Ei fersk undersøking mellom medlemsbedriftene viser at nye nedstengingar og høg straumpris er mellom dei største utfordringane akkurat no.

– Olje og gass, sjømat og maritim næring går veldig bra, men innan servering, kultur og reiseliv er situasjonen katastrofal for mange. Dei har vore svært utsette gjennom hele pandemien. No er kassen tom. Får dei ikkje den stønaden dei treng i tide, vil mange gå under. Fleire vil tapa livsverka sine, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Det som hastar aller mest ifølgje næringsalliansen, er at skjenkestoppen vert fjerna.

– Sjølv ei ordning med avgrensa skjenketider, til dømes til klokka 22, vil vera til hjelp og gjera det mogleg å opna utestader som no er stengde, vert det påpeika.

Innføringa av eit koronasertifikat innan restaurant og kultur er eit anna verkemiddel som bør innførast, meiner næringsalliansen.

I oppropet vert det vidare halde fram at mange av dei små og mellomstore verksemdene i Vestland vert hardt råka av den enorme auken i straumprisane. Private hushaldningar vert delvis kompenserte for dette.

Næringsalliansen krev «ordningar som òg kan vera til hjelp for eit næringsliv som no tapar konkurransekraft og vilkår for ei føreseieleg drift i 2022».

Artikkelen held fram under annonsen.