Vil dei som køyrer over monsterbrua legge att pengar i kommunen?
Ei monsterbru synest å vere viktigare enn naturvern, helse- og miljøomsyn.
Når det gjeld bygging i strandsona og fri ferdsel, som er så viktig for oss nordmenn, er politikarane svært påpasselege og nektar omtrent ein kvar å bygge innafor både 100- og 50 meter-sona uavhengig av om det er totalt urealistisk å nytte området som LNF-område eller ei.
Likevel synest ei monsterbru å vere viktigare enn naturvern, helse- og miljøomsyn. Vår vakre skjergardsidyll er visst heilt greit å skade.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje berre i Øyane dei vert råka av trafikkstøy døgeret rundt, men òg alle stader som ligg rundt fjorden. Lyd ber lengre til sjøs enn på land.
Monstermastene frå vindmølleparken i Sunnhordland synest godt, og når ein søkjer naturens ro i Ervikane, kan ein nokon gonger høyre suset frå dei. Enno det ikkje var lyd-forureining ein søkte. Ei heller synet av monstermaster.
Korleis vil all støyforureininga frå trafikken skade friluftsområda i kommunen og ikkje berre estetikken av urørt natur når ein søkjer fred og ro?
Kommunen framhevar friluftsområda sine og alle badestader i kommunen som ein særskilt grunn til besøk for turister. Ein av dei mest populære stadene både om ein kjem frå land eller sjøvegen, er Ervikane. Ved å dumpe ned ei monsterbru i Bjørnafjorden og lage ei trafikkmaskin midt på fjorden, mister friluftsområda magien sin for rekreasjon.
Vil turistane kome og sove over i naturen vår med ei bru på fjorden som bråkar døgeret rundt? Nei, dei vil nok søkje seg andre stader. Det vet kroken på døra for den næringa og butikkane som tener ekstra på turistar og hyttefolket.
Vil dei som køyrer over monsterbrua legge att pengar i kommunen? Neppe. Dei vil suse vidare inn i Skogafjellstunnelen gjennom Endelausmarka og inn i Lyshorntunellen til reisemålet sitt.
Kvifor er det vere så viktig for politikarane å dumpe ei monsterbru i fjorden framfor å vurdere nytteverdien av ein veg?
Det bur ingen på fjorden som vil nytte delar av brua. Ei heller noko næringsverksemd ligg midt i fjorden. Dei ligg på land med ein krøkasti frå Sunnhordland, gjennom Hardanger og Odda. Ville politikarane sjølv turt å køyre med tungtransport på dei vegane?
Artikkelen held fram under annonsen.
Nei, det er viktigare å syne fram ei monsterbru til turistane og skade den frie ferdsla til naturen med støyforureining enn å bruke fornuft om traséval. Det er vel slik som ein politikar uttala seg om dette under Arendalsuka: «Vi trudde vestlendinganes ønske om beine vegar slik vi har på Austlandet var grunn for trasévalet.»
Anita Skippervik