Skrot femtilappen

Like sikre som vakre vårteikn er dei ikkje fullt så vakre vårteikna. Boss vert slengt både i naturen og ved ulike avfallspunkt som slett ikkje er tenkt til verken gamle bord eller sofaar, skriv Laila Reiertsen.

LESARBREV: Vi har alle eit ansvar når det kjem til å halda det reint og ryddig i naturen og elles. Når søpla vert kasta rundt om kring, er det lett å spørja seg kvifor? Er det fordi det er så dyrt å levera avfallet sitt? Om dette er forklaringa, så bør ein innføra gratisteneste for avfall opp til ei viss mengde på returpunkta. Det er i alle fall vel verdt å prøva ut for å sjå om det verkar.

Eg har vanskeleg for å tru at avfallsleveringa for ein femtilapp er det avgjerande for drifta av ein restavfallstasjon. Samstundes må det verta fleire gjenbruksstader der godt brukandes ting og tang kan bli brukt av andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vinter var eg til New York ved to høve. Begge gongene fekk eg oppleva at på enkelte dagar sto det godt brukande møblar og andre ting på fortaua. Forklaringa var at jamleg fekk innbyggjarane setja frå seg brukande møblar og anna som dei ikkje hadde bruk for, på fortauet. Innan ei viss tid fekk andre som såg seg nytte i dette, ta det med seg. Etter ca eit døgn blei det som ikkje var tatt av nokon, rydda av renovasjonsselskapet.

No er det kanskje ikkje det enklaste å innføra New York-tiltak i Os-bygdo, men nytenking og kanskje betalingsendringar er vel verdt eit forsøk.

Laila Reiertsen

Frp