Utdeling: Tysdag hadde ordføraren gleda av å dela ut nok eit Miljøfyrtårn.

Delte ut Miljøfyrtårn-utmerking til «spanande og nyskapande» verksemd

Ordførar Trine Lindborg delte ut utmerkinga tysdag føremiddag.

Denne veka hadde ordføraren gleda av å dela ut nok eit Miljøfyrtårn til ei verksemd i Bjørnafjorden.

– Selskapet Banefilter A/S blei sertifisert i februar 2021 og kunne tysdag endeleg motta sin plankett som bevis på det gode arbeidet dei har gjort, heiter det i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Idrettslag tek no i bruk Karsten sine produkt for å forhindra forureining

Det er Karsten og Kristoffer Røttingen som står bak Banefilter AS, som leverer produkt til oppsamling av granulat frå fotballbanar. Verksemda held til på Lepsøy.

Lindborg legg til at verksemda nyleg har inngått ein omfattande kontrakt med Bergen kommune om levering av utstyr.

Les også
Vann storkontrakt med Bergen kommune