Åtte: Åtte av smittetilfella sist veke er sannsynlege omikrontilfelle, opplyser kommunen. Ikkje alle er knytte til innreise frå utlandet.

Vidare nedgang i smittetala. Framleis svært utfordrande bemanningssituasjon

– Vi ser ein nedgang for Delta-bølgja, og det tyder på at tiltaka har hatt effekt.

Det skriv kommunen på sine heimesider måndag.

Det blei registrert 56 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veke 52 i 2021 og starten av veke 1 i 2022. Dette er ein vidare nedgang i smittetala.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte av smittetilfella sist veke er sannsynlege omikrontilfelle, opplyser kommunen. Ikkje alle er knytte til innreise frå utlandet.

Les også
Bed alle elevar hurtigtesta seg før dei returnerer til skulane. Slik går du fram

Alder:

21 barn og unge, i alderen 0 til 17 år.

35 vaksne (over 18 år).

Vaksinestatus og smitteveg

5 % av dei smitta har fått 3. dose, 43 % har fått to vaksinedosar, 4 % har fått éin vaksinedose og 48 % er uvaksinerte.

13 % har ukjend smitteveg.

87 % av dei smitta har kjend smittekjelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

68 % er smitta i husstanden, 18 % på fritida og 2 % på jobb.

– Det er framleis høge smittetal, sjølv om vi har hatt nedgang dei siste to vekene. Vi har stort sjukefråvær i fleire tenester (helse, barnehage, skule) og svært utfordrande bemanningssituasjon i pleie- og omsorgstenestene, skriv kommunen i sin statusrapport og held fram:

– Vi veit enno ikkje korleis omikron vil utvikla seg. Dersom det kjem ei omikronbølgje av eit slikt omfang som FHI har varsla om, vil vi få store kapasitetsutfordringar. Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion.