Skuleruta for våren er endra med éin dag
Må henta inn dag etter at skulane tok tidlegare juleferie.
Den lokale forskrifta om barnehage og skulerute for 2021-2022 i Bjørnafjorden kommune er endra med éin dag. Siste skuledag før sommarferien er 23.06.2022. Ferie-SFO er open 24. juni og 27.–30. juni. Det opplyser kommunen på sine heimesider.
På bakgrunn av smittesituasjonen i kommunen vedtok kommunal kriseleiing (KKL) 13. desember at siste skuledag for skule og SFO før juleferien vart 17. desember, ikkje 20. desember som opphavleg vedtatt. Skulane må difor ta igjen denne ekstra dagen i løpet av vårsemesteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skuleåret skal vera 190 dagar for elevane, vert det påpeika.
– Vi legg den siste skuledagen til 23. juni 2022. Bjørnafjorden kommune har og tilbod om fem dagar ferie-SFO i juni. Ferie-SFO for juni 2022 blir 24. juni og 27.–30. juni, opplyser kommunen.