Har fått tildelt 1,3 mill. for å hjelpa lokalt næringsliv: - No er det pengar å henta
Kommunen fekk beskjeden lille julaftan.
I den sjette kommunale kompensasjonsordninga har Bjørnafjorden fått tildelt 1.372.000 for å hjelpa lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltaka i samband med covid-19.
Ordninga vart i dag lagt ut på regionalforvaltning.no slik at kommunen kan få handsama søknadene så raskt som mogleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Målet er å avhjelpa situasjonen for den delen av næringslivet som igjen vert ramma av nye smitteverntiltak. Serverings-, utelivs-, underholdnings- og overnattingsbransjen vil bli prioriterte, men også andre kan søkja.
Støtta vil bli gitt med eit grunnbeløp i tillegg til eit beløp berekna ut frå tal årsverk i verksemda.
– Kor stort grunnbeløpet blir, er avhengig av tal søknader, så det er vanskeleg å seia kor mykje det blir på kvar verksemd, opplyser Andris Hamre som har fått ansvaret for å administrera ordninga i Bjørnafjorden.
Søknadsfrist er søndag 16. januar.
– Vi tek sikte på utbetaling i den påfølgjande veka, legg Hamre til.