Tusenlappane flyg: Måndag kveld kontrollerte politiet bruk av bilbelte og mobil hos forbipasserande bilar.

Må ut med tusenvis etter mobilbruk bak rattet

To bilførarar fekk kvar sitt forenkla førelegg under politiets atferdskontroll i Mobergsbakken måndag kveld.

Politiet tok oppstilling ved foten av Mobergsbakken, ved innkøyringa til Oseana, då dei måndag kveld kontrollerte bruk av bilbelte og mobil hos forbipasserande bilar.

To bilistar fekk skrive ut forenkla forelegg på 5.500 kroner kvar for mobilbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er dyre samtaler?

— Ja, og etter nyttår har regjeringa føreslått å auka summen til 7.500 kroner, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Les også
Går inn for kraftig skjerping av bøtene for mobilbruk. I dag er det dyrare å køyra på raudt lys
Les også
Skriv bøter så blekket sprutar: - Paradoksalt at foreldre skal vera førebilete for dei yngre