I morgon kan du vakna til dette - og romjula kan bli idyllisk
Meteorologen opnar for at det kan falla snø i kommunen vår natt til julaftan.
Alle barns juledraum kan gå i oppfylling. I alle høve er det eit lite håp.
— Det er kaldt i dag og det vil halda fram med å vera minusgradar dei neste dagane. Nett no ser det ut til at det også kan koma litt nedbør i Bjørnafjorden, så ja, det kan bli kvit jul. I alle høve kvitt i morgontimane i morgon, seier statsmeteorolog Haldis Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men ho presiserer at det er noko uvisst.
— Det er ikkje så godt nett no å sjå kor mykje nedbør som kjem, men det som kjem vil i alle høve koma i form av snø, kanskje bortsett frå heilt ute ved kysten der temperaturen er noko høgare enn elles, seier Berge.
Idylliske romjulsdagar
Dei neste dagane vil temperaturane liggja stabilt på kring -1 til -3 gradar avhengig av kvar ein er i kommunen. Søndag vil det bli noko nordaustleg vind, men elles er det meldt klarvêr og fint.
— I romjula vil det bli mange fine dagar. Ein god del sol, så lenge ho er framme, og fint opphaldsvêr. Tysdag vil temperaturane stiga noko, seier Berge.