Forsvaret stiller med vaksinasjonsteam. Bjørnafjorden er blant dei aktuelle kommunane
Forsvaret stiller med to vaksinasjonsteam frå 3. januar.
Det skriv BT måndag.
Dei aktuelle kommunane er Askøy, Alver, Bjørnafjorden og Øygarden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No skal vi i møta og diskutera korleis dette skal fungera i praksis. Når det er fire kommunar, er poenget at dei kan flytta seg, seier Stensvand til BT.
Eitt alternativ er at dei går inn og støttar allereie eksisterande vaksinestasjonar, eller at dei oppretter sin eigen.