Har dei som skal ta avgjerder varmekablar i vegen opp til huset eller hytta?
I Gerhardsen sin «folkeheim» var elektrisk straum eit felles eige som vi fekk til sjølvkost.
På kjøkkenet (frå 1967) har me eit wattmeter med ei raud pil på 4 kw. Dette var grensa for overforbruk som kosta noko meir. Kor den raude pila skal stå, kan sjølvsagt diskuterast, men systemet inspirerte til straumsparing og var rettferdig.
Kvifor kan ikkje dette systemet brukast i dag? Har dei som skal ta avgjerder varmekablar i i vegen opp til huset eller hytta?
Artikkelen held fram under annonsen.
I Gerhardsen sin «folkeheim» var elektrisk straum eit felles eige som vi fekk til sjølvkost.
I dag er straum ei vare som vi sel på det internasjonale marknad til høgast mogeleg pris.
I eit debattprogram i 2018 mellom Kurt Pedersen og Terje Søviknes må sistnemnde forsvara regjeringa Solberg sin energipolitikk som seier ja til EU og ACER. Søviknes avviser at straumen vert dyrare. I dag har me svaret.
Men endå verre er forslaget om at døgnet med størst forbruk skal leggjast til grunn for forbruket ein heil månad. Dette medfører at me må betala for ei vare me ikkje har fått.
Kan dette vera rett? Er det juridisk rett? Er det moralsk rett?
Eg har, rett nok, opplevd to-pris system på mjølk. Om sumaren kunne ein risikera nedsett pris ved dårlegare kvalitet. Men dette varte berre i i 14 dagar.
La oss få på plass systemet med overforbruk. Wattmeteret er allereie på plass. Og la oss få betala for den straumen vi reelt brukar – ikkje noko stipulert forbruk.
Jan Gaassand
Artikkelen held fram under annonsen.