Bjørnafjorden går over til nasjonale koronareglar
Frå midnatt, natt til onsdag 15. januar 2021, gjeld berre dei nasjonale reglane i Bjørnafjorden igjen.
Kommunen ynsker no å gjera det lettare for folk flest å forstå koronareglane. Eller som dei i dag skriv på si heimeside:
«Blir du òg litt forvirra over kva for koronareglar som gjeld kor og når og for kven? Det forstår vi godt!»
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje kommunen er det einaste du treng å vita at «frå midnatt, natt til onsdag 15. januar 2021, gjeld berre dei nasjonale reglane i Bjørnafjorden igjen.»
Den lokale forskrifta for Bjørnafjorden kommune, som vart vedteken saman med seks andre kommunar i bergensregionen, vert oppheva samstundes med at dei nasjonale reglane trer i kraft.
Litt om bakgrunnen
Fordi det lenge har vore ulik smittesituasjon i ulike delar av landet, har det vore opp til kommunane sjølve å innføra strengare smittevernreglar når situasjonen krev det.
Bjørnafjorden kommune vedtok eigne smittevernreglar i lokal forskrift den 10. desember. I utgangspunktet skulle dei vare til 24. desember.
No blir forskrifta oppheva, og erstatta av dei nasjonale reglane.
Då Bjørnafjorden kommune vedtok strengare tiltak, var dei strengare enn dei nasjonale reglane.
Kommunane kan vedta strengare reglar enn dei nasjonale, men ikkje mildare. Den strengaste regelen gjeld.
No har regjeringa laga strengare smittevernreglar og påbod, og innført ei rekke tiltak og restriksjonar, mellom anna for karantene, arrangement, skjenking og høgare smittevernnivå i barnehagane og skulane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Difor trengst det ikkje ei lokal forskrift i Bjørnafjorden akkurat no.
Dette er reglane som gjeld no.