KKL: Fredag vert siste skuledag før jul. Kortare opningstider på SFO og i barnehagane
Det vert opplyst tysdag føremiddag.
Kommunal kriseleiing har gjort følgjande vedtak tysdag:
«Skulane i Bjørnafjorden endrar skuleruta og har siste skuledag før jul 17.12.21. Denne skuledagen skal takast igjen våren 2022. Skulane som har barn som får innvilga søknad om plass til barnet sitt fordi føresette har samfunnskritiske funksjonar, skal ha eit tilsynstilbod i SFO».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Skulen skal gje eit tilbod som “tilsvarer” det barnet har krav på. Det betyr at omfanget av tilbodet for det enkelte barnet, må vurderast ut frå føresette sitt behov for barnepass, for å kunna ivareta den kritiske samfunnsfunksjonen, opplyser kommunen.
KKL har også gjort følgjande vedtak om SFO: «Ny felles opningstid for barnehagane og SFO frå 08.00–15.30 frå 16.12 og så lenge vi er på gult nivå (nasjonalt vedteke minimum fire veker)».
– Det er krevjande å få til gult nivå som følgje av stort fråvær. For å få det til på ein best mogleg måte, må vi ta ei generell avgjerd om opningstid frå 08.00-15.30 for alle kommunale barnehagar og SFO i dei kommunale skulane, skriv kommunen.
Kommunen legg til at «det er stor slitasje på dei tilsette som er på jobb som følgje av det høge fråværet blant personalet, og mykje smitte blant barn og unge».