– Hjelp! Kan du koma og henta pakkar?
Det var meldinga frå «desperat» kjøpmann søndag.
Joker Søfteland druknar i pakkar. Søndag var både butikken og lageret smikk fullt. Joker-kjøpmann Tom Rune Solheim måtte ty til sosial medium med bøn om at folk kasta seg rundt.
– Hjelp! Kan du koma på søndag og henta pakkar???, innleidde butikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppmodinga gjekk til alle som har mottatt hentekode eller hentelapp om å koma så raskt som råd og henta sin pakke.
– På den måten kan vi ta i mot fleire, og alle får pakkane sine tidlegare, skriv butikken.