Oppmoding: Vegard Hjelle, brannforebyggjar og brannkonstabel i Bjørnafjorden brann og redning, har ei oppmoding til innbyggjarane.

På tide å byta ut røykvarslarane?

Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er?

Røykvarslarar bør bytast ut etter 8-10 år. Test røykvarslarane og byt batteri på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Bjørnafjorden brann og redning.

– I Noreg har det vore 1.123 bustadbrannar hittil i år. Tidleg oppdaging av brann er avgjerande for å redda liv og sørga for at du og dine nærmaste kjem dykk ut i tide. Statistikken over viser at berre 25% av brannane blir oppdaga av røykvarslar eller automatisk brannalarm, medan dei fleste brannane blir oppdaga først når ein kan sjå flammar eller lukta røyk, opplyser seier branninspektør Aleksandra Kamieniecka og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ofte har brannen fått utvikla seg så mykje på dette tidspunktet, at brannvesenet kan ha avgrensa moglegheiter for innsats. Me kan bli endå flinkare på å sørgja for tidleg varsling, deriblant å ha nok fungerande røykvarslarar heime.