No kjem snøen. Garantert.
Vi veit vi har sagt det før, men denne gongen lovar meteorolog Geir Ottar Fagerlid at snøen kjem.
— Ja, no garanterer eg at det vert snø. Om ikkje, kan du i alle fall skulda på meg, ler vakthavande meteorolog hos Meteorologisk Institutt, Geir Ottar Fagerlid.
Dei siste vekene har nemleg Os & Fusaposten varsla snø ved i alle fall to høve. Utan at det la seg noko særleg kvitt på bakken av den grunn.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Men i ettermiddag ventar vi at det skal koma ein del snø. Det vil ta seg opp utover kvelden og Bjørnafjorden kan nok få ein 5-10 cm med snø.
Fagerlid kan dessverre også fortelja at det i løpet av natta vil bli plussgrader og dermed vil nedbøren gå over til sludd og regn.
— Om det blir berre litt eller ein god del regn, vågar eg ikkje seia sikkert. Men eg trur i alle fall det kjem ein god del snø før det blir regn.
Snøen blir neppe liggjande
Om det hjelper noko særleg, er likevel usikkert. Meteorologen trur nemleg mesteparten av snøen blir borte i løpet av tysdagen.
For medan måndag morgon var gneldrande kald, byr morgondagen på pluss-grader.
Trass plussgrader blir det likevel ein sur nordavind i morgon ettermiddag. Dette i kombinasjon med at bakken er kald, kan kanskje bevara litt snø.
— Litt snø på bakken hadde gjort seg. Det isolerer litt og gjer at det kjennest lunare sjølv om det er kaldt.
Kaldt og tørt komande veke
Langtidsmeldingane er nemleg kalde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Onsdag morgon blir det minst like kaldt som i dag tidleg. Slik blir det i minst ei veke framover.
I tillegg blir det tørt. Den siste nedbøren av betydning kjem i i dag og i natt.
— Det kan henda vi får nokre byger fredag og laurdag, men lågtrykk som gir nedbør av betnyding ser vi ikkje.