Regjeringa held koronapressekonferanse fredag
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) held koronapressekonferanse fredag klokka 11.
Også assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet er til stades, opplyser regjeringa.
Pressekonferansen blir halden i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet i Oslo.
Artikkelen held fram under annonsen.
For justisminister Mehl er dette den første koronapressekonferansen. Då regjeringa orienterte førre fredag, stod ho opphavleg på innkallinga, men namnet var fjerna i ei oppdatering.
– Justisministeren skulle opphavleg vera med på pressekonferansen fordi ho har ansvar for spørsmål knytt til innreise. No har regjeringa bestemt seg for å bruka litt meir tid på å vurdera tilrådingane frå helsestyresmaktene knytt til innreise, opplyste politisk rådgivar i justisdepartementet Trond Ivar Brække.
Det siste døgnet er det registrert 2.478 koronasmitta i Noreg. Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.761 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.505.