Førarkort beslaglagt etter ulukka ved Idrettsvegen
Det er oppretta sak etter front mot front-krasjen i Byvegen søndag ettermiddag.
To bilar var klokka 16.09 søndag involvert i ei trafikkulukke på Byvegen ved krysset til Idrettsvegen.
Førarane, som var åleine i bilane, vart tilsett av helsepersonell på staden. Ein person vart køyrd til lokal legevakt for sjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politibetjent Morten Haugland ved Bjørnafjorden politistasjon opplyser måndag at det er oppretta sak på forholdet.
Det er også teke beslag i eit førarkort.
— Vidare etterforsking vil prøva å få klarheit i hendingsforløpet.