Stor engasjement. – Det har vore stort engasjement i saka og det har kome inn 20 ulike namneforslag.

Har fastsett namn på det nye parkeringsanlegget

Publikum fekk koma med innspel.

– Det har vore stort engasjement i saka og det har kome inn 20 ulike namneforslag. Saka er utgreidd av kultursjefen som har sendt dei innkomne framlegga til uttale hjå Språkrådet, opplyser kommunen.

Kultursjef Erik Vangsnes fortel at Språkrådet i sitt svar har lagt vekt på at det har stor verdi å få vidareført eit namn som har vore eit vanleg stadnamn der anlegget ligg. Dei rår til at anlegget får namnet Giskavollen parkering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I kommunen si vurdering er det òg lagt avgjerande vekt på at det er planar om fleire og større parkeringshus på Osøyro i framtida og då er det viktig at vi i den aktuelle saka finn eit namn som knyt anlegget til den faktiske plasseringa. I så måte er Giskavollen eit godt namn som knyt anlegget til både vegnamnet i området og eit unikt namn med ei geografisk plassering, skriv Vangsnes i vedtaksbrevet der det er konkludert med at det nye namnet vert Giskavollen parkering.

– Giskavollen eit godt nedarva lokalt namn for området der parkeringsanlegget ligg. Samstundes er namnet i dag òg nytta som vegnamn for vegen parkeringshuset ligg til, noko som talar for å vidareføra namnebruken for parkeringsanlegget, slår Vangsnes fast.