Den nye samferdsleministeren avviser omkamp om Hordfast
Regjeringa føreset at det vert arbeidd vidare med statleg reguleringsplan for det midtre konseptet.
Det skriv samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård (Ap), i eit brev vedrørande vidare saksbehandling i Stortinget.
Før sommaren skreiv BT at Senterpartiet hadde ombestemt seg og ville vurdera den indre traseen for Hordfast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det ville betydd at ein droppa den planlagde brua over Bjørnafjorden, skriv avisa.
Men i brevet som er datert 8. november skriv Nygård at «Regjeringen føreset at Statens vegvesen arbeider vidare med statleg reguleringsplan for prosjektet basert på vedtatt kommunedelplan for konsept midt».
– Etter at eg har vurdert saka nærare, ser eg ikkje ei stortingsbehandling av proposisjonen, slik den førre regjeringa la opp til, som naudsynt for det vidare arbeidet med prosjektet.
– Dette arbeidet er allereie pågåande og det er ikkje behov for eit stortingsvedtak for å halda fram arbeidet, skriv han vidare.