To bebuarar fekk i seg røyk etter branntilløp
Greidde sjølv å sløkkja brann i kjøkenapparat.
Klokka 00.45 natt til tysdag, vart det meldt frå om eit branntilløp på ei privat adresse i Bjørnafjorden.
Brannen i eit kjøkenapparat vart sløkt av bebuarane sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan dei hadde fått i seg ein del røyk, vart dei sett til av helsepersonell.
Det opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.