Melder at smittesituasjonen på Luranetunet er under kontroll
To avdelingar har vore stengde for besøk.
To tilsette ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk fredag påvist covid-19. To avdelingar ved sjukeheimen blei mellombels stengde for besøkande og inn- og utgåande pasientar.
– Kommuneoverlegen vurderer no smittesituasjonen som avklart, og dei to avdelingane er opne att, opplyser kommunen måndag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.