Stogga bil etter mistanke om pirattaxi-køyring. Fekk ekstra lovbrot med på kjøpet
Ein 22 år gamal mann vart stoppa av patruljen i Os natt til søndag.
Bilen vart stoppa etter mistanke om pirattaxi-køyring.
Og jammen fekk politiet treff, for passasjerane hadde betalt for å bli køyrd til ein stad i Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verre var det, i fylgje politiet på Twitter, at den 22 år gamle mannen verken hadde, eller har hatt, gyldig førarkort.
Mannen er meld for forholdet.