Klar oppmoding frå kommuneoverlegen om influensavaksine
Bjørnafjorden kommune har mottatt årets influensavaksinedosar.
Kommuneoverlege Klaus Melf anbefaler alle i målgruppa om å bestilla time for vaksinasjon hos fastlegen så snart som mogleg.
– Dersom du er i målgruppa, men ikkje har fastlege, kan du ta influensavaksinen på massevaksinasjonstasjonane i Oshallen og Fjord'n senter onsdag 10. november, opplyser kommunen på sine heimesider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Melf påpeikar at influensavaksinen gir god beskyttelse mot sesonginfluensa og reduserer risikoen for alvorleg sjukdom og død.
Målgrupper for influensavaksine
Risikogruppa:
* Alle frå og med fylte 65 år
* Gravide etter 12. svangerskapsveke
* Barn og vaksne med kronisk lunge- eller hjartesjukdom, diabetes, lever- eller * nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme
Spesielle nærkontaktar til risikogruppa:
* Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester som har pasientkontakt
Artikkelen held fram under annonsen.
* Husstandsmedlemmar til immunsupprimerte pasientar
Ekstraordinær målgruppe:
* Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
Ifølgje kommunen vil personar i målgruppene få vaksinen for 50 kroner (unntak ved frikort) hos fastlegen eller dekka av arbeidsgivar. Andre innbyggarar kan få influensavaksine utan resept på apotek mot fullpris.
– Vi forventar at årets influensabølgje blir ekstra stor på grunn av manglande immunitet i befolkninga etter to sesongar med lite eller inga smitte, seier Melf.
Han fortel at mange i risikogruppa vil kunna få vaksinen ved vanleg konsultasjon hos fastlegen i løpet av hausten. Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenester vil få vaksinen på arbeidsstaden, ved kommunale legekontor (Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor) eller på massevaksineringsstad (Oshallen og Fjord'n senter).
– Vaksine tilpassa sjukeheimsbebuarar blir levert midten av november. Då blir det eigne vaksinasjonsrundar på sjukeheimane, legg Melf til.