«To lakksko har slutta å gå» - minneord etter Magne Lunde
Ven og musikarkollega Geir Magne Moberg har skrive minneord etter Magne Lunde.
To lakksko har slutta å gå.
To stikker har slutta å slå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit hjarta har stoppa opp.
Ei øl er utan sin kopp.
Ein låt har mista sine slag
Frå ein mann som kunne sitt fag.
Ein trommis har vandra heden.
Ein peis er utan veden.
Eit hus er utan sin mann.
Den heimen var det han som fann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein bauekorpsgut med koppar og kar.
Var det slik livet var?
Nei, minnet er så mykje meire
Og meininga for endå fleire;
Ein rytme, eit hjarta og to stikker,
gjer meg endå meir klar og endå meir sikker.
For ingenting av det du har gjort
forsvinn frå denne verda fort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du var ein kjendis, ein ven og bohem.
Men mest av alt eit menneske med sjel, no «Post Mortem»
Eg vil takka deg på alle måtar.
Ja, eg vil takka deg for alle låtar.
Saft, Human Beings, Jahn Teigen og Eggum,
er no kun bevis for ditt virke, ditt liv og i sum;
Det du gjorde for oss alle.
Det er så mykje, eg hugsar ikkje tale’
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvil i fred, gode Magne.
Geir Magne Moberg
Magne gjekk på scena med Waterwagons som erstatning for meg og bandet «mitt», The Untouchabl(u)es. Han ringte meg 24/7, og fortalte at han jobba med ein trommesolo berre for meg. Eg var kreftsjuk, og hadde minimalt med krefter. Magne spelte gjennom telefonen til meg og lurte på kva eg meinte. Han «ville ikkje avsløra alt».
Men for dei av oss som lærte «Manna» å kjenna, var det to ting han aldri var flink til, og det eine var å halda på ei hemmeligheit. Aldri vondt meint, men alltid for å visa deg tillit.
Magne var eit menneske som elska dei som elska han. Ingen enkel person alltid, men ein som såg deg.
Andre juledag 2004, fekk eg ein telefon midt på natta. Ein tsunami hadde kome over Sørøst-Asia og Thailand. Han visste at det var fleire han kjente som var der. Ingen ante kor stor denne katastrofen var. Tre dagar og netter seinare fortalte han meg at Sigurd Køhn var blant dei sakna. Magne gret.
Alle som møtte Magne fekk følelsen av å koma inn i ei historie. Det å møta han i heimen hans, var som å opna eit museum for norsk musikk. Alle vegger og rom var som eit vitnesbyrd om hans liv og virke.
Ein gong ringte han meg ein nyårsaftan frå London. I andre enden sat Magne med to av Queens medlemer, og ville ønskja meg eit godt nytt år. Det var slik Magne var.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til minne om «Verdas Beste Trommis».
Geir Magne Moberg
Musikarkollega og kompis