25 innom: Totalt var 25 tunge køyretøy innom kontrollplassen.

Stilte seg opp på Halhjem igjen. Fem fekk lapp for same mangel

Statens vegvesen har hatt tungbilkontroll på Halhjem ferjekai.

Totalt var 25 tunge køyretøy innom kontrollplassen onsdag. Alle desse vart kontrollerte for forsikring, omregistrering, årsavgift og dekk og kjetting.

Vegvesenset tok ein nærare kontroll på 21 av køyretøya.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem av desse fekk tekniske mangellappar for ulovlege markeringslys i fronten på køyretøya.

Éin førar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsbestemmelsane Éin fekk gebyr på kr 1.000 for brot på dei same bestemmelsane. Verksemda fekk eit gebyr på kr 2.000 for forholdet.

Eitt firma vart rapportert inn til foretakskontrollen på grunn av køyre- og kviletid.

– Dei aller fleste me kontrollerte hadde ting i orden. Alle hadde gode dekk og korrekt tal kjettingar med seg. Totalt sett er me godt nøgd med kveldens kontrollresultat, oppsummerer vegvesenet etter onsdagens kontroll.