Veg opna att etter jordras som skal ha dekt halve vegbanen
Vegen mellom Sævareid og Kilen var delvis stengt ein periode i natt grunna jordras.
Vegtrafikksentralen melde om jordraset vel kl 5. Raset skjedde ved Kløvsneset på Fv 549. Det var passasje i eitt felt etter jordraset, og entreprenør rykte ut til staden.
Raset skal ha dekt halv vegbanen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opprydningsarbeidet pågjekk i eit par timars tid. Like etter kl 7 kunne vegtrafikksentralen opplysa at vegen var rydda og begge felt opna.