Ber spøkelsa bruka refleks
- I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på borna, sjølv med gatelys, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Lørdag er det Halloween - ein tradisjon omfamna av mange, og til irritasjon for andre. Uansett går Voll no ut med ei klar oppmoding om bruk av refleks.
- Dei mørke skikkelsane langs vegen skremmer ikkje berre naboen, men også mange bilistar får seg ein støkk, seier Voll og held fram:
- Risikoen for å bli påkøyrt i mørket vert redusert med heile 85 prosent ved bruk av refleks. Sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.
Kle barna med refleks eller sy inn refleks i kostyma, er den klare oppmodinga frå Voll.
- Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for borna å bruke refleks, seier Voll.
Dei siste fem åra er det meldt om 23 påkøyringar av fotgjengarar og syklistar i trafikken i Os og på Fusa. I tillegg reknar forsikringsbransjen med store mørketall av skadar som ikkje blir meldt. 35 prosent av alle fotgjengerulukker skjer i mørket. Berre om lag fem prosent av dei som blir skadde bruker refleks.
- Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hald. Dette betyr at ein bilførar som køyrer i 50 km/t, berre har ca. to sekund på å reagera på før det smell. Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys. Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand. Disse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagera og liv kan reddast, sier Voll.