Folkemøte: Onsdag var det folkemøte på Borgafjellet barneskule om arbeidet som skal gjerast. 1. november går Peab i gang med jobben.

Lang liste med tiltak når arbeidet startar i november. Slik vert anleggsperioden for trafikantane

Onsdag var det folkemøte om utbetringane som skal gjerast på Hegglandsdalsvegen.

I møtet la distriktssjef i Peab AS, Christoph Hollenstein, vekt på at det er viktig at foreldra tek ein prat med borna før arbeidet tek til.

– Det finst ikkje eit einaste gjerde, som eg har sett, som klarer å halda born ute, dersom dei har bestemt seg for at dei vil inn å sjå, sa Hollenstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om kort tid startar arbeidet med å laga gang- og sykkelsti langs Hegglandsdalsvegen, nærare bestemt frå Hatvikvegen til Valla bru.

Arbeidet er eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og Bjørnafjorden kommune, og Peab Anlegg AS er entreprenør.

– Dette er eit prosjekt som har rulla og gått i meir enn ti år. Hadde det ikkje vore for den nye skulen, tvilar eg på at pengane hadde lege på bordet i dag, sa byggjeleiar i Vestland fylkeskommune, Øivind Bratthammer.

Planen er å byggja 1 kilometer med gang- og sykkelsti, samt ny Valla bru med to køyrefelt, og eit eige gangfelt. I tillegg vert det nytt veglysanlegg, to, kanskje tre overgangsfelt, legging og oppgradering av høgspent, lågspent og fiber, og oppgradering av kommunen sitt VA-anlegg til dagens krav. Planen er å vera ferdig til skulestart 2022.

Byggjeleiar: Øivind Bratthammer er byggjeleiar i Vestland fylkeskommune. Han fortalte mellom anna at arbeidet er eit spleiselag mellom fylkeskommunen og Bjørnafjorden kommune.

– Det vert alltid litt verre før det blir betre

– Vi startar prosjektet med å laga omkøyringsveg og ei ny bru. Den einaste staden vi flyttar vegen litt, er i svingen før Lyssand-fabrikken, opplyste Hollenstein.

Han la til at det kjem til å bli ein del ulemper for trafikantane i anleggsperioden. Vegen kan i periodar bli stengt i inntil 20 minutt. I tillegg vert det lysregulering.

– Det vert alltid litt verre før det blir betre. Det er viktig å berekna god tid slik at alle kan ferdast trygt langs vegen, understreka Hollenstein.

Distriktssjefen i Peab oppmoda også dei som har born på Borgafjellet barneskule om å ta ein prat med borna sine om korleis dei bør te seg langs skulevegen i tida framover. Heldigvis ligg den mellombelse gangvegen kommunen har etablert, eit stykke frå der entreprenøren skal arbeida i starten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har stort fokus på tryggleik, men det er svært farleg å opphalda seg i anleggsområdet. Det er store maskinar i sving. Vi er oppteken av at alle skal koma seg trygt til skule/barnehage/arbeid og heim att, men det er eit samspel, og vi er avhengige av at dei som passerer området tek omsyn, påpeika Hollenstein.

– Snakk med borna: Distriktssjef i Peab AS, Christoph Hollenstein, understreka viktigheita av å snakka med borna om korleis dei må te seg langs skulevegen i tida framover. – Det er store maskinar i sving, påpeika han.

Lågare fartsgrense på permanent basis?

Det vert vakthald i krysset opp mot Hesthaugen, som i dag. I tillegg vert fartsgrensa sett ned til 40 kilometer i timen, også langs strekkja frå skulen til barnehagen, som ikkje er del av prosjektet.

– Vi ser på mogelegheita for å setja ned fartsgrensa på permanent basis. Det er Statens vegvesen som tek avgjerda, sa Bratthammer og oppmoda mellom anna FAU om å engasjera seg i saka.

Asbjørn Hansen bur i Borgavegen. Han lurte på korleis sikta i krysset mellom Borgavegen og Hegglandsdalsvegen vert etter at arbeidet er ferdigstilt, og om det vert betre plass til bilar langs fylkesvegen.

– Vi skal laga gang- og sykkelsti, ikkje ny veg. Vi kjem til å optimalisera vegen litt nokre stader, men det vert inga vesentleg endring. Det skal vera plass til at to lastebilar skal kunna passera kvarandre, sa Bratthammer og lova mykje betre sikt frå Borgavegen.

– Det er bra for det er ikkje gøy der i dag, sa Hansen.

– Desto viktigare er det at fartsgrensa vert sett ned. Skilnaden mellom 40 og 50 kilometer i timen er berre 10-15 sekund, la Bratthammer til.

Entreprenøren fortalte at det er kjøpt inn refleksvestar til alle dei yngste skuleborna (1.–3. trinn). Ordførar Trine Lindborg oppmoda dei om å skaffa refleksvestar til alle.