Sette inne store styrkar etter sakna-melding
Ei kvinne i 50-åra vart meld sakna frå heimen sin i Øvsttun-området i Bergen søndag kveld. Like etter kl 22 kom meldinga om at ho var funnen.
OPPDATERT kl 22.04: Kvinna er komen til rette.
Gro Åse Krokeide hadde vore sakna sidan tidleg søndag morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
70 frivillige var med på leiteaksjonen søndag kveld. Det opplyste operasjonsleiar Per Algrøy.
52 personar frå Røde Kors, Norges Redningshunder med tolv hundar og sju personar frå Norsk Folkehjelp bidrog i tillegg til politi.
Like før kvinna vart funnen, vart det også sett inn helikopter i søket.